Den spesielle relativitetsteorien

Den spesielle relativitetsteorien skildrar korleis naturen oppfører seg når objekt fer med særs ulik fart i høve til kvarandre. Den spesielle relativitetsteorien vart resultatet av eit prosjekt i fysikken på slutten av 1800-talet, som gjekk ut på å sameina Maxwells elektromagnetisme og Newtons mekanikk. I denne prosessen støytte fysikarane på ei mengd teoretiske problem. I 1905 publiserte Albert Einstein ei løysing som skulle få omfattande ringverknader: Albert Einstein, «Zur Elektrodynamik bewegter Körper», Annalen der Physik, Vol. 17, 1905, s. 891.


Developed by StudentB